Panorama i sentrum - bu ved sjøen

 

Kontakt oss

Meld di interesse. Ja, eg vil skrive meg opp på interesselista!





 

Prosjektet

Sjøsida er eit unikt prosjekt som har gjort det mogleg å bu rett ved sjøen i Ulsteinvik sentrum.

Mellom Geileneset og Quality Ulstein Hotell er det utvikla eit bu- og næringsområde midt mellom sentrum og fjord.

På Sjøsida finn du små og store leiligheter i eit levande miljø, med gangavstand til det sentrum i Ulsteinvik har å by på av restaurantar, butikkar, badeland og kulturliv.

Fleire av dei store arbeidsplassane i regionen er også i gangavstand. Alt dette og samtidig i umiddelbar nærleik til fjell- og fjordlandskap, i naturen sitt eige rike.

 

Foto: Stig Hole.

Bu ved sjøen

Sjøsida har ei spesiell plassering. Med sentrum, Quality Hotel Ulstein og fjorden som næraste naboar er det ikkje tvil om at dette er ein attraktiv stad å bu.

Det er tilgong til flotte leikeområde med mellom anna volleyballbane og minigolf i Saunesparken. I tillegg gir nærleiken til sjøen potensial for eit hav av aktivitetar. Det urbane aspektet ved Ulsteinvik gir seg til kjenne med fleire kafear, restauranter og gode shoppingmoglegheiter, alt i gangavstand frå Sjøsida. I tillegg treng ein ikkje lang tid å bestemme seg for kino eller konsert, når det er 2 minutt å gå til Sjøborg kulturhus. Utsikta og den friske sjølufta aleine er grunn til å bu her!

 
Ulsteinvik - Attraktiv stad å bu

Ulsteinvik - Attraktiv stad å bu

Ulsteinvik er den vesle byen med det store hjartet, kjent for verftsindustri og eit levande kulturliv. Ulstein satsar stadig på byutvikling, og har årleg fleire festivalar og arrangement som gir staden eit yrande folkeliv. Med fasilitetar som golfbane, badeland, Høddvoll, Ulsteinhallen, sentrumsliv og nærleik til fleire flyplassar er det ikkje rart at byen stadig veks!

Flø

Flø

I Ulstein kommune ligg Flø. Den vakre bygda ligg værhardt til, rett ut mot havgapet og med dramatisk natur – perfekt for surfing! Kunstgalleriet Studio Opdal har hatt utstilling med kunstnerar som Damien Hirst, Magne Furuholmen, Bjarne Melgaard, Edvard Munch, Hariton Pushwagner og Unni Askeland.

Gode samband

Gode samband

Ulstein kommune ligg sentralt på Søre Sunnmøre. På vel ein halvtime kan du nå flyplassane på Vigra og Hovden. Lokalbuss tek deg raskt til nabokommunene, og Hurtigruta når du på eit kvarter. I nærliggande Ålesund og Moa finn du eit breidt utvalg av shoppingmoglegheiter, samt fleire festivalar, turmoglegheiter og aktivitetar i nærområdet.

Bustadane

Bygget inneheld leilegheiter av god kvalitet og variasjon i romløysing, lys- og  siktforhold.

Her er leiligheiter fra 52 – 187 kvadratmeter.

Fleire av leilegheitene har tre fasader og alle har sjøutsikt. Kvar enkelt leilegheit har maksimal kontakt med fjorden, store terrasser for maksimalt og variert uteopphold i kontakt med sjø og utsikt. Parkering på grunnplan.

Antall leiligheiter

Prosjektet har 31 bueiningar i ulike størrelsar.

Her kan alt frå nyetablerte unge par til pensjonistar busette seg, for eit variert bustadliv i sentrum.

God standard

Kvar leiligheit vil ha høg standard og leverast nøkkelferdige. Ein vil få tilbod på tilvalspakkar.

Moglegheita til individualisering gjer at kvar kjøpar kan skape sin eigen bustaddraum.

 

Bli inspirert

Vi har laga ein liten film om Sjøsida.