Prosjektet

Sjøsida er eit unikt prosjekt som har gjort det mogleg å bu rett ved sjøen i Ulsteinvik sentrum. Mellom Geileneset og Quality Ulstein Hotell er det utvikla eit bu- og næringsområde midt mellom sentrum og fjord.

På Sjøsida finn du små og store leiligheter i eit levande miljø, med gangavstand til det sentrum i Ulsteinvik har å by på av restaurantar, butikkar, badeland og kulturliv.

Fleire av dei store arbeidsplassane i regionen er også i gangavstand. Alt dette og samtidig i umiddelbar nærleik til fjell- og fjordlandskap, i naturen sitt eige rike.

Ulsteinvik er ein by på Søre Sunnmøre som er i stadig vekst. Ulsteinvik ligg naturlig til som buområde for eit stort omland, med nærleik til skulemiljø og arbeidsplassar.

Innanfor kort reisetid har du tilgang til sjukehus, høgskular og gode kommunikasjonsmiddel.

Ulsteinvik er ein god stad å vekse opp med rikt kultur- og idrettsliv, god barnehagedekning og gode skoletilbod med vidaregåande- og folkehøgskule. I 2012 vann Ulsteinvik prisen for Noregs mest attraktive stad å bo. Same året vart Hødd norsk cupmeister.

BYGGET
Det nye byggetrinnet er eit leilighetsbygg med om lag 30 einingar. Leiligheitene har god kvalitet og stor variasjon i størrelsar, romløysingar og lys- og siktforhold.
Alle leiligheitene har sjøutsikt og gode solforhold.

Materialvalget gir bygget eit lyst og lett preg som gjer at det til alle årstider vil reflektere lyset rundt seg og vere eit vakkert blikkfang i sjøkanten. Leilighetene har gode terasser i kontakt med sjø og utsikt.

Prosjektet er teikna av arkitektkontoret Slyngstad Aamlid AS og totalentreprenør er PEAB K. Nordang AS.

Det nye byggetrinnet vil vere med å utvikle sentrum vidare som ein attraktiv stad å bu.

Byggestart vert så snart dei kommunale godkjenningar er på plass og styreforbehald i Ulsteinvik Utvikling AS er løfta.